6. mars kl. 20.00 er du velkomen til ny mål- og litteraturkafé, denne gongen i hovudetasjen på Tre Brør. Gjest er Svein Gjerdåker, redaktør i Dag og Tid.
Som brorson kjende han Johannes godt. I samtale med Nils Kvamsdal og Gunnstein Akselberg får me høyra om det mangslungne mennesket, forfattaren, lokalhistorikaren og språkmannen frå Gjerdåker.
Andre innslag er som vanleg Gunnstein si opplesing av ein Johannes-tekst, og forklaring på eit ord eller eit uttrykk – og musikk frå den unge felespelaren Anders Møn Mjelde.
Inngang kr 150 (Vipps eller kontantar)
Voss mållag er tilskipar, med støtte frå Folkeakademiet Voss
Johannes og Svein, jola 2018 på Gjerdåker. (Johannes deklamerer dikt utanboks!)