Snart er det JOL!
Featured

Snart er det JOL!

Takk til Gunnstein Akselberg, Nils Kvamsdal og Astri Sudmann for ei triveleg adventsstund i kjellaren på Tre Brør. Om joletradisjonane endrar seg, så kan alle einast om at godt lag og noko godt å bita i er viktig for oss alle. Så ein særskild takk til publikum, frå dei yngste til dei eldste, og til Tre Brør som laga det koseleg og serverte lussekattar, gløgg og jolebrus.  Dette var den tredje tilskipinga av Mål- og litteraturkaféen Johannes i regi av Voss Mållag, og fleire kjem neste år!