Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Språk er demokrati

ORDET FRITT i avisa "Hordaland" 24. september 2014.
Tysdag 6. mai skal Stortinget røysta over ymse endringar i Grunnlova. Eitt av framlegga gjeld språkforma. I førre stortingsperiode røysta 152 av 169 representantar for modernisering av grunnlovsspråket.

No kan eit mindretal blokkera endringa. Men mindretalet er knapt, og partia stiller representantane sine fritt. Aktiv påverknad på einskildrepresentantar kan sikra at vi 17. mai 2014 kan feira ei lov som er skriven slik at alle kan forstå teksten, og ha eit eigeforhold til han: Altså moderne bokmål og nynorsk, ja gjerne samisk med!

I dag, 29. april, kjem innstillinga frå Kontrollog konstitusjonskomiteen. Michael Tetzschner (H) er redd for at språkendring endrar innhaldet, noko kunnige juristar er usamde i. Abid Q. Raja (V) meiner Grunnlova først og fremst er eit kulturhistorisk dokument frå 1800-talet. Krf er prinsippielt imot å røra språket. Det siste minner mest om kona som protesterte mot den nye salmeboka: Ho ville ha salmane på det målet Jesus snakka, altså dansk.

GRUNNLOVA AV 1814 vart skrive i dåtidas språk. Rettskrivinga i den noverande lova er bokmål frå 1903. Det ligg milelangt frå dagens bokmål, for ikkje å snakka om nynorsk. Ivar Aasen brukte alt som 22-åring, i 1836, Grunnlova og dei rettane denne gav ålmenta, då han formulerte sitt program for det nynorske skriftspråket. Språk er demokrati. Først når folket kan lesa og forstå det som «skrive stend», og sjøl uttrykka seg på eit mål som dei kjenner seg heime i, kan meiningsfullt ordskifte finna stad. Først då er vi myndige borgarar i eige land.

Stortinget vedtok i 1885, med stort fleirtal, at dei to norske skriftspråka – bokmål og nynorsk – skulle vera jamstilte. I Grunnlova er tre firedeler av vedtaka endra etter 1814. Dei som vedtok Grunnlova ville at lovteksten skulle oppdaterast i pakt med samfunnsutviklinga. Å modernisera språket i lovteksten er altså i samsvar med ideane frå 1814. Spørsmålet som stortingsrepresentantane i dag må stilla seg, er om Grunnlova berre er eit kulturhistorisk dokument? Skal den vera forståeleg berre for fagkunnige juristar, og knapt nok det? Eller skal Grunnlova faktisk vera tilgjengeleg for folk flest, og dermed danna grunnlag for opplyst debatt og forståing av statsskikk, rettstryggleik og demokratiske borgarrettar?

MANGE HAR gjerne trudd at lova no kom i moderne språkdrakt, sidan eit overveldande fleirtal i førre Storting gjekk inn for det. Men signala frå Kontrollog konstitusjonskomiteen er urovekkande. Voss mållag ber våre 250 medlemmer, ja, gjerne alle samfunnsengasjerte vossingar, om å ta initiativ overfor lokale parti og organisasjonar, og gjerne også som einskildpersonar spela inn eit eintydig rettferdskrav til Stortinget: Ved 200-årsjubileet må Grunnlova koma på nynorsk!

ALF JANSEN, LEIAR I VOSS MÅLLAG  pdfLes avissida som pdf-fil178.02 KB

Presseklipp

  • Myrkdalen vart heidra for nynorsk marknadsføring
  • Må læra bokmål på Voss
  • Vil ha målbruksplan innført i Voss kommune
  • Språk er demokrati
  • Norsk språk treng NRK
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga