Lovene for Voss mållag (27/2 - 1923)
- Voss mållag skal arbeida for at det norske målet kan få heimstadretten sin atter i bygd og rike, på den måten som laget finn tenlegt til kvar tid.
- Alle kvinnor og menn yver 15 år kan vera med i laget.
- Årsmøtet vel eit styre på 5 mann og 3 varamenner. Formannen vert vald fyrst og for kvart år. Dei andre 4 vert valde 2 og 2 skiftevis annakvart år. Likeeins vel årsmøtet 2 ettersynsmenn for rekneskapen, og andre umbodsmenner som til kvar tid er turvande for serskilde uppgåvor. Styret vel seg imillom varaformann og kassestyrar. Laget hev årsmøtet sitt millom jol og påske. Styret gjev då melding um arbeidet i det farne året, og rekneskapen vert framlagd i ettersedd stand.
- Styret kallar saman til møte i laget og skipar ålmannamøte når det finn det tenlegt og må elles sjå til at laget gjer so mykje gagn som råd er.
- Kvar lagslem legg 1 krona i årsskatt. Laget kan og ta inn pengar med innsamling eller inngongspengar eller på annan måte som styret tek god. Livsvarige lemer kan ein verta ved å betala 25 kr. ein gong for alle.
- Årsmøtet kan brigda denne lovi etter at framlegg til brigde hev vore kunngjorde på lagsmøti minst ein månad føreåt. Brigdi vert gjeldande når minst 2/3 av dei møtande røystar for det.