Kunngjering om endring av lovene i Voss mållag

Dei gjeldande lovene for Voss mållag er snart 100 år gamle. Styret meiner det er på høg tid å fornya lovene og gjera dei i samsvar med notida, både i form og innhald. Eit framlegg til endring skal kunngjerast minst ein månad før årsmøtet.

Årsmøtet vert halde på Voss folkemuseum 17. mars 2021 klokka 19. I tillegg til lovendring vert det vanlege årsmøtesaker, og ordførar Hans-Erik Ringkjøb vil snakka om Voss som årets nynorskkommune.
Styret deler òg ut målpris.

Eventuelle innspel til lovendringane eller saker til møtet, kan sendast til Voss mållag på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 3. mars.

Her kan du lesa framlegg til nye lover

Her kan du lesa lovene frå 1923

Helsing styret i Voss mållag