På lag med nynorsken sidan 1898

Voss mållag arbeider for nynorsk språk, litteratur og kultur – med røter meir enn hundre år tilbake og blikket retta framover.

Finnesloftet

Eit lyrisk musikalsk verk om kvinnehistorar knytt til Finnesloftet.

Vangskyrkja, sundag 26. januar

Tekstar av Signe Seim, og ny-arrangert musikk av Jo Asgeir Lie etter komposisjon av Per Indrehus. Kvinner frå ulike tidsaldrar møtest, der tid ikkje lengre er tid, og tidsalder ikkje finst.

Forteljar: Ragnhild Gudbrandsen
Song: Berit Opheim, Dorthea Bergo
Song, langeleik og lyre: Margit Myhr
Fløyter: Laila Kolve
Akkordeon: Jo Asgeir Lie

Dørene opnar kl. 17.30, konserten startar kl. 18
Framsyninga varer omlag 75 minuttar.
Billetten inkluderer omvisning på Finnesloftet 26/1 kl. 11,
kontakt Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Billettar: Ticketmaster.no / Voss bokhandel. Pris: 375,-

Fortidsminneforeningen Hordaland
i samarbeid med HiHat Management