Såkalla kunstig intelligensen, kjent som KI eller AI, kva kan den hjelpa oss med? Kan hjernen vår løysa oppgåver langt ut over det den kunstige intelligensen kan?
Mål- og litteraturkaféen Johannes: Tre Brør Bar, Torsdag 24. april kl. 20
Forskingsjournalist Bjørn Vassnes - prisløna for sitt mangeårige arbeid - gav i fjor ut boka «Den menneskelige faktor». I samtale med Gunnstein Akselberg og Nils Kvamsdal gjev han svar på dette og kor gale det kan gå viss me stolar for mykje på KI… Me ynskjer særleg velkomne lærarar og elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule som er nyfikne på korleis KI påverkar skulen, kvardagen og framtida vår. Dette vert ein kveld for både teknologioptimistar og teknologipessimistar – og alle som ganske enkelt vil ha ei god og tankevekkjande oppleving!
Me ynskjer særleg velkomne lærarar og elevar i ungdomsskule og vidaregåande som er nyfikne på korleis KI påverkar skulen, kvardagen og framtida vår.
Det vert i tillegg musikkinnslag, for Bjørn Vassnes også er gitarist og tekstforfattar, kjent frå m.a. Nøkken.
Inngang kr 150. (Vipps eller kontant) Mål- og litteraturkaféen Johannes vert arrangert av Voss mållag. Støtta av Folkeakadmiet Voss. Velkomen!