Johannes på Tre Brør
Featured

Johannes på Tre Brør

Fullt hus med nær 70 personar på Tre Brør Kafé fekk tilbakeblikk på livet til Johannes Gjerdåker, levande fortalt av ein av dei som kjende han best, brorson Svein Gjerdåker. Mål- og litteraturkaféen var som vanleg stødig leia av Nils Kvamsdal, med Gunnstein Akselberg som fylgjesvein og servitør av kunnskap og interessante godbitar. Dei heldige som møtte opp denne kvelden fekk òg med seg musikk frå feletalentet Anders Møn Mjelde.