Harde krigarar og mjuke tonar
Featured

Harde krigarar og mjuke tonar

Den prisløna historikaren Tore Skeie er gjest når Voss mållag sin faste duo Nils Kvamsdal og Gunnstein Akselberg inviterer til vårens siste Mål- og litteraturkafé Johannes torsdag 28. mai kl. 20.00 på Tre Brør bar. 

Skeie har tidlegare skrive bøker som Alv Erlingsson, Jomfruen fra Norge og Hvitekrist. I fjor kom han med Hardråde. Om Harald Sigurdsson og hans verden, ei fascinerande og dramatisk soge om tida frå Olav Haraldsson fall på Stiklestad i 1030, til halvbroren Harald Sigurdsson Hardråde fall i slaget ved Stamford Bridge i 1066.

Dette er ei soge med store delar av Europa og Midtausten som bakteppe. I samtale med Gunnstein og Nils gjev Tore Skeie oss spennande innblikk i kulturar og folk som – då som no – kjempa om makt, rikdom og landområde.

Etter dei harde og brutale sogene overtek Kari Finne Sognnæs scena med vakre og mjuke mellomalderballadar og lokale folketonar.

Vel møtt til historieforteljing på høgt nivå!

Medlem i Voss mållag: kr 150
Andre: kr 250

Arrangementet er støtta av Folkeakademiet Voss.

Kultur der du bur