Fantasy og fantastisk musikk på Mål- og litteraturkaféen Johannes
Featured

Fantasy og fantastisk musikk på Mål- og litteraturkaféen Johannes

Fantasy og fantastisk musikk møtest på same scene på Tre Brør Bar torsdag 19. mars kl. 20. Som vanleg er Nils Kvamsdal og Gunnstein Akselberg vertar for Mål- og litteraturkaféen Johannes.

Dei møter fantasyforfattaren Vibeke Koehler, som til no har gjeve ut to romanar i serien «Tankespinneren». Serien blandar myte og magi med ei forteljing som opnar ei større verd bak «kvardagen». Fantasy-sjangeren er ofte kjenneteikna av at det overnaturlege har sine eigne reglar – og kjensla av undring når verda brått blir større enn det du ser.

Her fylgjer me ungjenta Anna inn i eit univers av krefter, val, og uventa vendingar. Koehler vart nominert til Bokslukerprisen – der dei unge sjølv bestemmer vinnaren – for den fyrste boka i ein planlagd trilogi.

Kvelden held fram like fantastisk: Bergensaren Mads Eriksen – ein av verdas beste gitaristar – set seg ned med kassegitaren og tryllar fram musikk som spenner frå Beatles og Rolling Stones til eigne låtar. Han har låtar med titlar som sender tankane mot fantasy-universet – og gitarteknikken er slik at du ikkje trur det før du faktisk opplever det!

Vel møtt!

Arrangør: Voss mållag, med støtte frå Folkeakademiet Voss

Medlemspris: kr 150. Andre: kr 250.

Kultur der du bur