Årsmøtereferat 2025 og årsmelding 2024
Featured

Årsmøtereferat 2025 og årsmelding 2024

Her kan du lesa referat frå årsmøtet i Voss mållag 24. februar 2025 – og årsmeldinga vår for 2024.

Årsmøte i Voss mållag

Dato: 24. februar 2025, kl. 19.00
Stad: Voss gymnas

REFERAT

9 medlemer møtte til møtet.

Innleiing

Innleiing ved nestleiar i Noregs Mållag, Live Havro Bjørnstad.
Noregs Mållag vil stilla krav til dei politiske partia i samband med Stortingsvalet 2025, og leggja spesiell vekt på:

  • Grunnlovsfesting av jamsetting
  • Obligatorisk sidemål i vidaregåande skule
  • Digitalisering – KI

Live leiar arbeidet med nytt arbeidsprogram som skal leggjast fram på landsmøtet i 2026. Det var ingen merknader til innkallinga.

Sak 1. Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokoll

Møteleiar: Nina Mork Brunvoll
Referent: Marit Hafting
Til å skriva under protokollen: Kristian Østrem og Inge Hommedal

Sak 2. Årsmelding 2024

Merknader: Ingen
Vedtak: Årsmeldinga vart godkjend

Leiar las opp årsmeldinga, og dei som ville ha utskrift kunne få dette etter møtet. Årsmeldinga vert lagt ut på heimesida.

Sak 3. Rekneskap

Merknader: Ingen
Vedtak: Rekneskapen vart godkjend

Styret i Voss mållag har søkt Voss Sparebank om 50 000 kroner til stønad til Mål- og litteraturkaféen Johannes for inneverande år.

Sak 4. Innkomne saker

Ingen

Sak 5. Representasjon frå Voss mållag

Årsmøte i Hordaland Mållag på Sotra 4.-5. april: Ingen på årsmøtet melde seg.
Representasjon der vert ei sak for det nye styret.

Sak 6. Planar for komande arbeidsår

  • Halda fram med «Johannes»
  • Arrangera Målblomen for 6. klasse i Voss herad
  • Samarbeida med Voss lyrikklag om arrangement 20. mars med Kristin Straume i samband med Poesiens dag.

Sak 7. Val

Innstillinga frå leiar i valnemnda Knut Farestveit vart vedteken:

Styre:

  • Leiar Inge Draugsvoll, vald for eitt år (til 2026)
  • Linda Hjeltnes, ikkje på val (til 2026)
  • Marit Hafting, attval for to år (til 2027)
  • Inge Hommedal, attval for to år (til 2027)
  • Nils Kvamsdal, vald for eitt år (til 2026)

Varamedlemer:

  • Anne-Siri Bauthus Undeland, vald for eitt år (til 2026)
  • Odin Gunnar Lavik, vald for eitt år (til 2026)
  • Marit Seim, ny, vald for eitt år (til 2026)

Revisor:

  • Ragnar Karevoll, attval for eitt år (til 2026)
  • Snialvur Joanesarson, vara til revisor, attval for eitt år (til 2026)

Innstillinga frå styret vart vedteken.

Valnemnd:

  • Eirik Helleve (til 2026)
  • Sidsel Vinsand (til 2027)
  • Kristian Østrem, ny, vald for eitt år (til 2026)
Nina Mork Brunvoll (t.v)
Nina Mork Brunvoll (t.v) vert takka av for god innsats i Voss mållag av nestleiar Linda Hjeltnes

Nina Mork Brunvoll vart takka av som leiar i to år, etter fleire år i ulike verv før det.

 

Voss, 27. februar 2025

Inge Hommedal – Kristian Østrem (sign.)

 

 


 

Årsmelding kalenderåret 2024

Årsmøtet vart halde på Voss gymnas 27. februar 2024. Årsmelding og rekneskap vart godkjent. Desse endringane i lovene for Voss mållag vart vedtekne:

  • § 5 Årsmøtet vel revisor med vara.
  • § 7 Valnemnda kjem med framlegg til årsmøtet om nytt styre og revisor med vara.

Styret har vore samansett slik:

  • Leiar: Nina Mork Brunvoll (attval for eitt år, til 2025)
  • Nestleiar: Linda Hjeltnes (til 2026)
  • Kasserar: Inge Draugsvoll (til 2026)
  • Skrivar: Marit Hafting (til 2025)
  • Styremedlem: Inge Hommedal (til 2025)

Varamedlem:

  • Nils Kvamsdal (attval, til 2025)
  • Anne-Siri Bauthus Undeland (attval, til 2025)
  • Odin Gunnar Lavik (til 2025)

Revisor:

  • Ragnar Karevoll (attval, til 2025)
  • Sniolvur Joanesarson (attval, til 2025)

Valnemnd:

  • Knut Farestveit (attval, til 2025)
  • Eirik Helleve (attval, til 2026)
  • Sidsel Vinsand (ny, til 2027)

Lagsarbeid

Det har vore fem styremøte, tre i vårhalvåret og to i hausthalvåret. Styret har mellom anna arbeidd med desse sakene:

Oppstart av Mål- og litteraturkaféen «Johannes» på Tre Brør

Etter initiativ frå Nils Kvamsdal har Voss mållag hatt tre arrangement i kjellaren på Tre Brør med Mål- og litteraturkaféen «Johannes». Planen er å ha eit arrangement ca. ein gong i månaden frå oktober til april. Hausten 2024 var det to kveldsmøte og eit føremiddagsmøte. Nils Kvamsdal er programansvarleg i samarbeid med Gunnstein Akselberg. Tilskipingane vert finansiert med inngangspengar (150 kr) og sponsing.

Voss mållag har fått restopplaget av «Gjendiktingar» av Johannes Gjerdåker som vert nytta som gåver til gjestane som ikkje tek honorar.

Kafeen vart gjort kjend gjennom pressekonferanse 10. oktober med etterfylgjande oppslag i Hordaland, med annonse i Hordaland, plakatar og Kulturbeitet/Friskus. I tillegg har medlemmene i Voss mållag fått melding om arrangementa på e-post.

Arrangement hausten 2024

  • Torsdag 17. oktober: Gjestane Siri Sunde (samtale om boka Mellom kirken og kjærligheten) og Berit Opheim, song
  • Torsdag 7. november: Gjestane Øystein Hellesøe Brekke (om Bryggen i hansatida) og Alf Tore Hommedal
  • Laurdag 9. desember: Tilskiping på føremiddagen. Fritt tilgjenge for vaksne og born. Akselberg kåserte om joletradisjonar og Astri Sudmann dramatiserte jolefortellingar.

Arrangementa hausten 2024 fekk god omtale, og det møtte 40–50 kvar gong.

Norli bokhandel, Ullestad, har vore til stades og seld dei aktuelle bøkene på arrangementa.

Verving

Me har stand på alle Johannes-arrangementa.

Høyringsinnspel

Voss mållag har sendt høyringsinnspel til heilskapleg skulestruktur for Vestland fylkeskommune. Me oppmoda Hordaland mållag om også å sende, noko dei har gjort.

Representasjon

Nina Mork Brunvoll, Marta Nagel-Alne og Linda Hjeltnes representerte Voss mållag på årsmøtet i Hordaland mållag på Ullensvang Hotell 2.–3. mars.
Nina Mork Brunvoll, Knut Farestveit og Marit Hafting deltok på landsmøtet i Noregs mållag i Trondheim 19.–21. april.

Kontakt med Språkrådet om ny språklov og prioriterte oppgåver

Avdelingsdirektør Margrethe Kvarenes ville hjelpe oss og sjå på utfordringane som kjem med ny språklov, til dømes om læreplanar på nynorsk i vidaregåande skule og giro på nynorsk frå Idrettsforbundet. Sjå vedlegg med e-postkorrespondansen om læreplanar på NN. Inge Hommedal arbeider for større språkmangfald i Norges idrettsforbund.

PR, Facebook og annan kommunikasjon

Me brukte e-post og SMS til alle medlemer, i tillegg til Facebook og nettsida for å reklamera for «Johannes».

Målpris/Målblom/utdeling av bokpakker

Det vart ikkje delt ut Målpris eller Målblom i 2024, og ikkje delt ut bokpakker til skular eller barnehagar.

Økonomi

Eigenkapitalen ved årsskiftet var 35 168 kroner. Rekneskapen vart gjort opp med eit underskot på 15 900 kroner. Laget har 45 aksjar i Dag og Tid.

Takk

Voss Sparebank har sponsa Voss mållag med 10 000 kr til eit Jon Fosse-arrangement.
Dag og Tid har gitt Voss mållag restopplaget av «Gjendiktingar» av Johannes Gjerdåker.

Medlemstal

Ved utgangen av 2024 hadde Voss mållag 309 betalande medlemer, mot 311 i 2023 og 296 i 2022.
Noregs Mållag har pr. 1. januar 2025 heile 16 378 medlemer, og fekk 1 247 nye medlemer i fjor.

Voss, 24. februar 2025

Styret i Voss mållag: Nina Mork Brunvoll, Linda Hjeltnes, Inge Draugsvoll, Marit Hafting, Inge Hommedal