Arbeidsår 5. mars 2015 og ut februar 2016.
Årsmøtet for 2015 vart halde på personalrommet på Voss gymnas, 5. mars 2015, kl. 19.00–21.00. Til saman 14 medlemmer deltok på møtet.
Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend, kåserte om arbeidet mållaga gjer på ymse nivå kringom i landet.
Årsmøtet gjorde desse vala:
Styre:
- Leiar Alf Jansen (vald til 2016) (Leiar er på val kvart år)
- Nestleiar Knut Farestveit (attval 2 år, vald til 2017)
- Skrivar Nina Mork Brunvoll (attval 2 år, vald til 2017)
- Kasserar Inge Draugsvoll (ikkje på val, vald til 2016)
- Styremedlem Reidun Horvei Lærum (ikkje på val, vald til 2016)
Varamedlemer:
- Eirik Helleve (attval 1 år)
- Marit Hafting (attval 1 år)
- Audun Lødemel (attval 1 år)
Ettersynsmenn:
- Ragnar Karevoll (attval 1 år) og Jørund Rong (ny 1 år)
Valnemnd:
- Sinálvur Joanesarson (ny, vald til 2018), Hallbjørg Gjøstein (vald til 2017)
- Berit Lid Sekse (vald til 2016)
Ved utgangen av 2015 hadde Voss mållag 212 betalande medlemmer, ifølge oppdatert liste frå Noregs Mållag sentralt. Ved førre årsskiftet var talet 259, men då var nok også ikkje-betalande med. Me vonar at tala for ettertida let seg betre jamføra.
Formelt lagsarbeid
Styret har hatt åtte møte med desse hovudsakene:
- Målbruksplan for Voss kommune. Framleis ikkje politisk handsama. Sjå nærare nedanfor under Tilskipingar
- Nynorskopplæring for innvandarar ved Vaksenopplæringa på Voss. Vedteke administrativt hausten 2015, opphaveleg tidsfrist 1. november, utsett til 1. mars 2016. Sjå nærare nedanfor under Tilskipingar
- Målbruken i varehandelen her på Voss. Dette har vi eigentleg berre drøfta i styret ved fleire høve, utan at det konkret har vore gjort noko meir med, jamfør årsmeldinga for 2014–2015
- Målprisen. Årsmøtet 2015 vedtok at Voss mållag kan dela ut ein pris «for framifrå innsats for nynorsk språk. Prisen kan gå til personar, firma, organisasjonar eller institusjonar på Voss, eller med tilknyting til bygda» (utdrag frå statuttane utarbeidde av styreleiar 30. september 2014). Styret har kome fram til ein verdig vinnar og Målprisen vert første gong utdelt på årsmøtet 1. mars 2016
- Målblomen: Årsmøtet 2015 vedtok at Voss mållag skal skipa til ei teksttevling for ungdomsskulelevar, setja ned ein ekstern jury, og tildela ein diplom og kr. 1000 til forfattaren av vinnarteksten. Dette arbeidet er i godt gjenge, og Målblomen vert utdelt på årsmøtet 1. mars 2016
- Utvikling av heimesida vossmaallag.no, og Facebook og Twitter-plattformane til Voss mållag.
Bokgåve til barnehagar
Noregs Mållag, saman med Det Norske Samlaget, kom med tilbod om bokpakkar til barnehagar. Styret sende førespurnad til alle barnehagane i kommunen, og resultatet vart at 15 barnehagar til saman tinga 18 bokpakkar med nynorsk barnelitteratur. Pakken kosta kr 699, og Voss mållag betalte halvparten av dette. I samband med fordelinga av bokpakkane, som styremedlemmer tok seg av, fekk vi fint oppslag i avisa Hordaland.
Representasjon
Møte om nynorsk for innvandrarar, Granvin, 16. november 2015. Representantar for vaksenopplæringa på Voss, i Ullensvang, Odda og Kvam, ordførar i Ullensvang, skulemålskrivar Ingar Arnøy, NM, sentralt, representantar for Odda og Ullensvang mållag, frå Voss mållag: Alf Jansen.
Opptak til møtet var gjort av Odda mållag ved Knut O. Dale. Føremålet var å drøfta stoda for språkopplæringa for innvandrarar i desse kommunane. Dei er alle nynorskkommunar, minus Odda som er språknøytral. Samtalen tok sikte på å avdekke praktiske problem med overgang frå bokmål til nynorsk i innvandraropplæringa. Av dei representerte kommunane har berre Kvam nynorsk, og Voss har vedteke overgang til nynorsk frå 1. mars. Det var semje om at tilfanget av læremiddel er vesentleg dårlegare på nynorsk enn på bokmål. Noregs Mållag har hatt møte med representantar for forlaga og med departementet om saka. Dette arbeidet må intensiverast, og alle ledd i organisasjonen må presse på gjennom dei kanalar dei har, ikkje minst stortingsrepresentantane våre og lokale politiske nivå for å rå bot med skorten på nynorske læremiddel for dei mange ulike nivåa det vert undervist på i sektoren.
Tilskipingar
«Voss + nynorsk = SANT?»
Som innslag i valkampen framfor kommunevalet bad Voss mållag dei lokale politiske partia inn til målpolitisk debatt på biblioteket, Voss kulturhus, 3. september. Alle utanom Framstegspartiet stilte med framståande kandidatar. Leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø heldt innleiing og deltok i ordskiftet.
Ei hovudsak i debatten var målbruksplanen for Voss kommune, jamfør framlegget lokallaget overleverte ordføraren i november 2014. Alle politikarane støtta at Voss, med si historie og plassering i kjerneområdet for nynorsk, har eit særleg ansvar for at kommunen nyttar eit rett og godt nynorsk mål i all skriftleg kontakt med innbyggarane, offentlege styresmakter og private leverandørar. Ordførar Hans Erik Ringkjøb forsikra at målbruksplanen er til administrativ handsaming og skulle verta teken opp politisk så snart tilråding frå administrasjonen ligg føre. Samtlege politikarar som sat i panelet sa seg villig til å få på plass ein slik målbruksplan. Planen er enno ikkje handsama politisk. Men på spørsmål frå leiar i Voss mållag, 24. februar, svarar ordførar Ringkjøb at han ventar politisk handsaming av målbruksplanen i april 2016.
Den andre hovudsaka var nynorsk som opplæringsmål for innvandrarar. Voss kommune har gjennom Vaksenopplæringa drive ei omfattande undervising for innvandrarar. Men utanom eit par år med forsøk tidleg på 2000-talet har opplæringa skjedd på bokmål. Grunngjevinga har vore skort på bøker, lyttetekstar og anna undervisingstilfang på nynorsk på dei ulike nivåa for denne opplæringa. Også i denne saka uttrykte politikarane klar vilje til at innvandrarane på Voss må læra nynorsk.
Nynorsk som opplæringsmål for innvandrarar – rolla til Voss mållag
Opplæringssjefen i Voss kommune påla ved administrativt vedtak i september/oktober Vaksenopplæringa å bruke nynorsk som opplæringsmål. Opphavleg var fristen sett til 1. november, men etter ønskje frå lærarar/leiing ved Vaksenopplæringa, er ny frist sett til 1. mars 2016.
Me i Voss mållag ser det som rimeleg at det opne møtet vårt med politikarane var den utløysande faktoren for det gledelege vedtaket som no er fatta. Men vi har ikkje fått noko tilbakemelding frå kommunen om denne endringa, endå vi har arbeidd med saka i fleire år, mellom anna i møte med ordførar og opplæringssjef alt i september 2013 (i samband med Nynorskstafetten).
Sjølv om me har hausta fagnad frå Noregs mållag sentralt og fått omtale i Norsk Tidend, kan me ikkje leggja skjul på at lærarane/rektor ved Vaksenopplæringa her er svært lite glade for dei praktiske vanskane og det meirarbeidet omlegginga medfører. Dette skuldast generelt skorten på undervisingsmateriell som før nemnt, men også at det ikkje vert lagt opp til overgangsordningar, slik at same lærar no må undervise både bokmål og nynorsk i same klasse/gruppe i same time – bokmål for dei som alt har starta si norskopplæring og nynorsk for dei som startar heretter. Dette skapar stor frustrasjon i lærarkollegiet. Me i mållaget har ein jobb å gjera med å pressa på styresmakter og forlag for å få fortgang i produksjonen av læremiddel på nynorsk. Lokalt bør vi òg gå på opplæringssjefen for å finna betre overgangsordningar som ikkje skaper umoglege arbeidstilhøve for lærarane.
Bokkveld
24. november skipa me til den tradisjonelle Bokkvelden, saman med Voss lyrikklag og Voss bibliotek. I år var det vår tur til å stå for program og teknisk tillaging. Marit Eikemo (opphaveleg frå Odda) las frå den siste romanen sin, Alt inkludert, og fortalde både om boka og forfattarskapen sin i samtale med biblioteksjef Inger Dyrnesli. Mange frammøtte, godt loddsal og mykje vellæte for tilskipinga, der vi faktisk også teikna tre nye medlemmer i Voss mållag.
Digitalt medlemsarkiv
Me arbeider med å oppdatera det digitale medlemsarkivet, slik at me kan senda ut informasjon til medlemmene våre på e-post. Kasserar Inge Draugsvoll har hovudansvaret for dette arbeidet. Omlag halvparten av medlemene er no registrert med e-postadresse.
Heimeside www.vossmaallag.no
Eiga heimeside til Voss mållag vart oppretta våren 2015 (http.//vossmaallag.no). Her finst presseklipp, referat frå møte, dialektkonkurranse, lenkjer til ymse organisasjonar, m.m. Lokallaget er og på Facebook og Twitter. Kasserar Inge Draugsvoll har gjort mesteparten av arbeidet med å oppretta og oppdatera desse digitale plattformene.
Verving av nye medlemmer
Me hadde vervedag 6. februar på Amfi og Voss kulturhus. Alf Jansen, Reidun Horvei, Knut Farestveit og Eirik Helleve sto på stand dei to stadane og vi teikna om lag ti nye medlemmer.
Økonomi
Voss mållag har hatt eit aktivt år, noko som også viser seg i reknskapen, der både utgifter, kr 27.685 og inntekter, kr 19.324, er monaleg større enn året før. På utgiftssida er det særleg tilskota til bokpakkane til barnehagane som tyngjer med ei nettoutgift på kr 6.649. Men styret meiner dette er ei god investering i framtida for nynorsken her på Voss, og me fekk godord for dette frå barnehagane og blest for laget i Hordaland. Underskotet for drifta i arbeidsåret er på kr 8.321, som er dekt av eigenkapitalen, som no då er kr 36.862.
Takk
Styret vil gjerne takka Voss sparebank for gåve frå det ållmennyttige fondet til banken, og for velvillig jamt å ha sponsa lysingane våre.
Me takkar også Folkeakademiet på Voss for tilskot til tilskipingar (måldebatten og bokkvelden) og ikkje minst Voss bibliotek for samarbeid og gratis lokale ved tilskipingar.
Ei særleg takk til biblioteksjef Inger Dyrnesli for framifrå intervju med forfattar Marit Eikemo på Bokkvelden.
Voss 25. februar 2015
Alf Jansen (leiar), Nina Mork Brunvoll, Inge Draugsvoll, Knut Farestveit og Reidun Horvei.