Årsmelding for Voss mållag 2019-2020

Arbeidsår 27. februar 2019 – 10. mars 2020

Det har vore eit aktivt år for Voss mållag. 

Årsmøtet i 2019 vart halde på Voss gymnas 27. februar, med 12 medlemmar til stades. Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker. Årsmøtet vart avslutta med at Reidar Reime fortalde frå soga til gymnaset, før Gunnar Hemre Ringheim tok oss med på ei vandring gjennom nybygget på gymnaset.

Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Leiar: Eirik Helleve (vald til 2020)
Nestleiar: Linda Hjeltnes (vald til 2020)
Skrivar: Marit Hafting (vald til 2021)
Kasserar: Inge Draugsvoll (vald til 2020)
Styremedlem: Sidsel Vinsand (vald til 2021)

Varamedlemer, alle valde til 2020
Inge Hommedal
Einar Horvei
Anne Siri Bauthus Undeland

Valnemnd
Nina Mork Brunvoll (til 2020)
Kristian Østrem (til 2021)
Sniálvur Joanesarson (til 2022)

Ettersynsmenn
Ragnar Karevoll og Sniálvur Joanesarson (båe valde for 1 år)

Lagsarbeid
Styret hadde seks møte i perioden, og handsama 44 saker. Det har mellom anna vore arbeidd med desse sakene:

Krus. Som i 2018 laga me krus med sitat av lokale forfattarar. I år valde me sitat av Ingjald Bolstad, Johannes Gjerdåker, Ruth Lillegraven, og Hans Skjervheim. Me laga i alt 200 krus. Salet var ikkje like godt som i fjor, men me fekk dekt kostnadene. Me har framleis krus på lager.

Lesarbrev. Me hadde to lesarbrev på trykk i Hordaland.

Det eine handla om at norskopplæringa for innvandrarar i kommunen var på bokmål. I etterkant av lesarbrevet kom det ein interpellasjon til kommunestyret, der ordføraren svara at han la til grunn at neste gong kommunen lyser ut slik undervising skal denne vera på nynorsk. 

I det andre lesarbrevet presenterte me tre språklege ynske for Voss herad, som alle handla om ein kommunal målbruksplan. Me oppmoda heradet om å laga ein målbruksplan, me bad om at denne vart betre enn Voss kommune sin målbruksplan, og me bad om at dei tilsette i heradet tok målbruksplanen på alvor. Voss herad svara at dei var i gang med dette arbeidet. Den nye målbruksplanen deira er ferdig, og styret i mållaget kjem til å følgja opp bruken av denne planen. 

Bokkveld.
Me har i fleire år samarbeidd med Voss lyrikklag og Voss bibliotek om ein bokkveld. Denne er vanlegvis om hausten, og lyrikklaget og mållaget vekslar på å ha hovudansvaret. I år hadde lyrikklaget hovudansvaret, og i november framførte Hildegun Riise og Benedicte Maurseth eit program basert på tekstar av Jon Fosse. Arrangementet var godt besøkt. 

Målpris.
Under bokkvelden vart Voss Sparebank tildelt målprisen til Voss mållag. Prisen vert delt ut med ujamne mellomrom, og banken fekk prisen for solid nynorskprofil gjennom mange år. Dei var ein av dei to fyrste bankane med nynorsk nettbank, og har òg like godt sikra seg domenet nynorskbanken.no. Prisen var eit trykk av den lokale kunstnaren Stine Eide.

Målblomen.
Denne skrivetevlinga er i gang, og 10. klassane på Voss ungdomsskule og Vossestrand barne- og ungdomsskule er med. Grunna tilpassing til skulane sine arbeidsplanar, vert ikkje vinnarane kåra før rundt veke 13. Granvin barne- og ungdomsskule har signalisert at dei vil vera med neste år.

Barnebøker.
Me kjøpte 17 bokpakker frå Skald forlag, og delte desse ut til barnehagane i kommunen. Barnehagen på Bolstad har ikkje fått si pakke enno.

Verving.
Me hadde ikkje noko rein vervedag dette året, men hadde likevel ein fin medlemsauke. Dei to lesarbreva gjorde laget meir synleg, og alle som kjøpte krus fekk òg ei lita oppmoding om å verta medlem på kjøpet. Me fekk i alt 15 nye medlemmar, og det gav oss ein niandeplass i den årlege vervetevlinga til lokallaga i Noregs mållag.  

Heidersmedlem.
Johannes Gjerdåker vart i februar 2020 utnemnd til heidersmedlem i Voss mållag. 

Heimesida vert administrert av kasseraren. Det vart i meldingsåret lagt inn 14 nye artiklar på sida. Facebook-sida hadde 32 nye innlegg og har 182 fylgjarar.

Representasjon

Årsmøtet i Hordaland Mållag vart i 2019 arrangert i Alversund. Eirik Helleve representerte Voss mållag.

Marit Hafting representerte laget på Bergenskonferansen for nynorsk, 6.–7. april.

Eirik Helleve og Inge Draugsvoll var med på eit dagsseminar om nytt prinsipprogram for Noregs mållag i Bergen 12. september. 

Eirik Helleve var med på eit strategiseminar i Bergen 9. november, arrangert av Hordaland mållag. Under seminaret heldt han eit innlegg om målbruksplanar. 

Økonomi
Økonomien i laget er solid, og eigenkapitalen var ved årsskiftet kr 43 051. Overskotet vart kr 234. Største inntektskjelda var medlemsinntekter på kr 11 650. Laget fekk kr 5 000 i allmennyttig gåve frå Voss Sparebank. Styret utforma diktarkrus, i år som i fjor. Desse har vore i sal på jolemesse og hjå kasseraren. I år vart ikkje alle krusa selde, så laget har nokre titals krus til framtidig inntekt og til bruk som gåve frå mållaget.

Medlemstal
I 2019 hadde Voss Mållag 253 betalande medlemar, det er ein auke på 3 frå 2018. 

Takk!
Styret vil takka Voss sparebank for gåve for ålmennyttige føremål og for betaling av lysingar! Takk òg til Voss lyrikklag og Voss bibliotek for godt samarbeid om bokkvelden, og til Voss gymnas for at me fekk halda til der med årsmøtet i 2019.

Voss, 10. mars 2020

Styret i Voss mållag

Eirik Helleve, Linda Hjeltnes, Inge Draugsvoll, Marit Hafting og Sidsel Vinsand