
VINNARAR: Heine Gjerland (til venstre) og Åsmund Skjeldal, med jurymedlem Sidsel Vinsand. Foto: Synnøve Solstad Hefte, avisa Hordaland.
«Målblomen» er Voss mållag si årlege skrivetevling for elevar i 10. klasse. Juryen var Eirik Helleve, Inge Draugsvoll og Sidsel Vinsand, alle frå styret i Voss mållag. Juryen mottok elev-tekstar frå Voss ungdomsskule og Vossestrand barne- og ungdomsskule. Granvin ungdomsskule valde å ikkje delta i år.
Tevlinga og oppgåvene tek utgangspunkt i arbeidet til Ivar Aasen. Elevane kunne velja mellom to oppgåver. Den eine oppgåva gjekk ut på å skriva om endringar i språket frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag. Den andre oppgåva inviterte i større grad til å skriva om metoden Aasen nytta og kva arbeidet har hatt å seia for norsk språkhistorie.
Tekstane som kom inn, viser at elevane kan mykje om Ivar Aasen, om språkhistoria vår og om kva som gjer at språket endrar seg over tid. Det vart krevjande for juryen å plukka ut dei beste tekstane, men no er det kåra ein vinnar frå kvar skule som får kr 1000,- kvar i premie.
Vinnarar av Målblomen 2021 er
Frå Voss ungdomsskule:
Åsmund Samnøy Skjeldal, med teksten «Språkutvikling frå Ivar Aasen si tid til i dag».
Juryen si grunngjeving: Teksten kommuniserer godt som svar på oppgåva. Åsmund har overblikk over språkhistoria frå 1800-talet og fram til i dag, og det er ein styrke at han maktar å prioritera det som er relevant i nettopp denne oppgåva. Åsmund legg vekt på dei store linene og skriv om utviklinga frå dansk til norsk skriftspråk, om språkreformene som var meint å føra dei to norske skriftspråka saman og om korleis sosiale medium, innvandring og påverknad frå engelsk har ført til endringar i nyare tid. Han peikar elles på at endringar i språket kan føre til strid, men også at eit norsk skriftspråk som ligg nær talemålet til majoriteten i Noreg, har hatt stor betydning for utviklinga av kultur og demokrati. Teksten har ei tydeleg og gjennomtenkt oppbygging. Språket er presist og det er god flyt i teksten.
Frå Vossestrand barne- og ungdomsskule:
Heine Gjerald, med teksten «Ivar Aasen og nynorsken».
Juryen si grunngjeving: Teksten kommuniserer godt som svar på oppgåva. Heine skriv oversiktleg om arbeidet til Ivar Aasen, korleis han gjekk fram for å laga eit nytt, norsk skriftspråk og kva han oppnådde med arbeidet sitt. Metoden Aasen nytta vert også sett i ljos av nasjonsbygginga som gjekk føre seg fleire stader i Europa på 1800-talet, der talemål vart nedteikna, systematisert og normert. Heine peikar elles på at nynorsk har endra seg mykje etter Aasen si tid, og han rundar av med å slå eit slag nynorsk skriftspråk og for dialekten sin, som begge i aukande grad vert påverka av bokmål. Teksten til Heine er strukturert og har føremålstenlege avsnitt, og det er god flyt i teksten.