På lag med nynorsken sidan 1898

Voss mållag arbeider for nynorsk språk, litteratur og kultur – med røter meir enn hundre år tilbake og blikket retta framover.

Dato: 27. februar 2024

12 medlemer møtte til møtet.
Til opning las leiaren opp vinnardikta frå Målblomen 2023.

Det var ingen merknader til innkallinga.

Sak 1. Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokoll

Møteleiar: Nina Mork Brunvoll

Referent: Inge Draugsvoll

Til å skriva under protokollen: Kristian Østrem og Marta Nagel-Alne

Sak 2. Årsmelding 2023

Merknader: Ingen

Vedtak: Årsmeldinga vart godkjend

Sak 3. Rekneskap

Merknader: Ingen

Vedtak: Rekneskapen vart godkjend

Sak 4. Innkomne saker

Årsmøtet 2023 ville at neste årsmøte skulle velja både hovudrevisor og vara, ikkje berre ein revisor som det står i lovene no.

Framlegg til endring i lovene:

§ 5 Årsmøtet vel d) revisor med vara

§ 7 Valnemnda kjem med framlegg til årsmøtet om nytt styre og revisor med vara

Vedtak: Endringa vart vedteken av årsmøtet.

Sak 5. Representasjon frå Voss mållag

Årsmøte i Hordaland Mållag i Ullensvang 2.–3. mars:
Nina Mork Brunvoll, Linda Hjeltnes og Marta Nagel-Alne

Landsmøtet i Noregs Mållag i Trondheim 19.–21. april:
Nina Mork Brunvoll, Marit Hafting og Knut Farestveit.

Sak 6. Val

Innstilling frå valnemnda: Eirik Helleve, Knut Farestveit og Kristian Østrem:

Styre

  • Nina Mork Brunvoll, attval for eitt år – leiar
  • Inge Draugsvoll, attval for to år (til 2026)
  • Linda Hjeltnes, attval for to år (til 2026)
  • Marit Hafting, ikkje på val (til 2025)
  • Inge Hommedal, ikkje på val (til 2025)

Varamedlemer

  1. Nils Kvamsdal, attval for eitt år
  2. Anne-Siri Bauthus Undeland, attval for eitt år
  3. Odin Gunnar Lavik, attval for eitt år

Revisor

  • Ragnar Karevoll, revisor vald for eitt år
  • Snialvur Joanesarson, vara til revisor vald for eitt år

Innstilling frå styret:

Valnemnd

  • Knut Farestveit (til 2025)
  • Eirik Helleve (til 2026)
  • Sidsel Vinsand (ny, til 2027)

Elles

Årsmøtet gav vellæte til arbeidet som var gjort med jubileet og Jon Fosse-markeringa.

Det vart snakka om kva styret skal arbeida med framover. Det kom innspel om at styret skal leggja fram eit utkast til årsplan eller tema for arbeidsåret, ved kvart årsmøte.

Styret takka Kristian Østrem for godt arbeid i valnemnda i seks år!

Voss, 28.02.2024

Inge Draugsvoll