På lag med nynorsken sidan 1898

Voss mållag arbeider for nynorsk språk, litteratur og kultur – med røter meir enn hundre år tilbake og blikket retta framover.

Årsmøtet vart halde den 13. mars 2014 på personalrommet på Voss gymnas kl. 19.00.

Desse møtte: Hallbjørg Gjøstein, Inge Draugsvoll, Arvid Langeland, Ivar Molde, Torstein Sausjord, Knut Farestveit, Guro Sofie Gjelland, Alf Jansen.

Årsmøtet gjorde desse vala

Styre

  • Leiar Alf Jansen (ny) (vald til 2015)(Leiar er på val kvart år)
  • Knut Farestveit (ikkje på val) (vald til 2015)
  • Nina Mork Brunvoll (ny) (vald til 2015)
  • Kasserar Inge Draugsvoll (ny) (vald til 2016)
  • Styremedlem Reidun Horvei (ny) (vald til 2016)

Varamedlem

  1. Eirik Helleve (ny) (vald til 2015)
  2. Marit Hafting (ny) (vald til 2015)
  3. Audun Lødemel (ny) (vald til 2015)

Valnemnd

  • Guro Sofie Gjelland (ikkje på val) (vald til 2015)
  • Hallbjørg Gjøstein (ny) (vald til 2017)
  • Berit Lid Sekse (ny) (vald til 2016)

Ettersynsmann

  • Ragnar Karevoll (attval)

I 2014 hadde Voss mållag 259 medlemmer, men berre 209 betalande mot 237 i 2013.

Formelt lagsarbeid

Styret har hatt 8 møte med desse hovudsakene:

  • aksjon for grunnlova på nynorsk
  • aksjon for bruk av nynorsk i daglegvarehandelen på Voss
  • utarbeidd mogleg målbruksplan for Voss kommune
  • innspel til kulturplanen for Voss kommune
  • idéar til den kulturelle skulesekken
  • fråsegn til høyringa om NRK-plakaten
  • oppretting av målpris
  • oppretting av stiltevling for ungdomsskulelevar
  • oppretting av eiga heimeside

Representasjon

  • Seminar i Øystese i samband med årsmøtet i Hordaland mållag, vår -14. Utsending: Alf Jansen og Hallbjørg Gjøstein.
  • Landsmøtet i Noregs mållag 4. – 6.april 2014 på Gardermoen.
    Utsending: Knut Farestveit
  • Fylkesårsmøtet 28.februar – 1.mars 2015 i Fjell.
    Utsending: Alf Jansen og Knut Farestveit

Tilskipingar

Statsstyring og språkstrid” i samarbeid med Voss bibliotek 9. desember.
Jørn Øyrehagen Sunde hadde eit opplysande og godt formidla føredrag på Voss bibliotek. Arrangementet samla ca 30 stk. Me hadde loddsal (mållaget sitt kulturlotteri) i staden for inngangspengar.

Digitalt medlemsarkiv

Inge Draugsvoll arbeider med å oppdatere det digitale medlemsarkivet, slik at me kan senda ut informasjon til medlemmene våre på epost.

Heimeside

Inge Draugsvoll arbeider med å laga heimeside til Voss mållag. Her finn de presseklipp, referat frå møte, dialektkonkurranse m.m. Me får ei tidsriktig og informativ heimeside, berre gå inn å sjå! Adressa er www.vossmaallag.no

Verving av nye medlemmer

Me hadde vervedag 7. februar på Voss kulturhus (same dag som ungdomens kulturmønstring og O. H. Hauge-konsert i biblioteket). Alf Jansen og Knut Farestveit hadde stand, 5 nye teikna medlemskap og fleire tok med seg vervemateriell.

Økonomi

Styret har teke omsyn til oppmodinga frå sist årsmøte om stram økonomistyring, og utarbeida arbeidsprogram i tråd med dette. Me har tent kr 1800 på loddsal frå kulturlotteriet. Me har fått kr 5000 i gåve frå Voss Sparebank (ålmennyttige føremål), dei har også betalt lysingar for årsmøtet og tilskipinga i desember. Me er takksame for støtta frå banken.

Voss 24. februar 2015

Alf Jansen
Knut Farestveit
Nina Mork Brunvoll
Reidun Horvei
Inge Draugsvoll