VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Ny utgåve av «Johannes» torsdag 28. august med Annlaug Børsheim og Olav Tveitane
Featured

Ny utgåve av «Johannes» torsdag 28. august med Annlaug Børsheim og Olav Tveitane

Torsdag 28. august kl. 20.00 er det klart ein ny runde med Mål- og litteraturkaféen Johannes! Me startar sterkt med duoen Annlaug Børsheim og Olav Tveitane (song og diverse strengeinstrument) som tolkar vakre og slitesterke songar av Robert Burns i Johannes Gjerdåker si uforliknelege gjendikting.

Les meir ...
Featured

Målrørsla har mykje å takka Hermund Slaattelid for

Hermund Slaattelid gjekk bort 5. mai, 92 år gammal.

På landsmøtet til Noregs Student- og Elevmållag i Bergen i 1971 innleidde Hermund Slaattelid om læremiddelstoda. I landsmøtereferatet i Gula Tidend 30.03.71 kan me lesa at Slaattelid sa dette: «Situasjonen i dag er ei grov og uverdig diskriminering av ei stor elevgruppe i den offentlege skulen, ei diskriminering som no er hardare enn nokon gong før.»

Les meir ...
Featured

Målmannen Aslak L. Helleve har gått bort

Aslak L. Helleve døydde fredag 18. juli, 78 år gamal. Aslak var utdanna lærar med m.a. norsk og historie i fagkrinsen. I 1969 var Aslak formann i NSEM – Noregs Student- og Elevmållag – etter at han i eit par år hadde vore engasjert i Studentmållaget i Bergen. Ei sak som Aslak brann for og stridde for var nynorske læremiddel, m.a. i samband med læremiddelaksjonen i 1971.

Les meir ...
Slik oppsummerer KI sjølv samtalen om KI...
Featured

Slik oppsummerer KI sjølv samtalen om KI...

Me har bedt ein chatbot frå OpenAI skriva eit referat for oss:

På "Mål- og litteraturkaféen Johannes" på Voss var det kunstig intelligens som stod på programmet. Gunnstein Akselberg, Nils Kvamsdal og forskingsjournalist Bjørn Vassnes førte ein open og tankevekkjande samtale om intelligens, teknologi og språk. Gjennom både høgtlesing, personlege erfaringar og faglege refleksjonar fekk dei fram mange sider av eit tema som blir meir og meir aktuelt i kvardagen vår.

Les meir ...
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
Side 3 av 21

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Å reise i Noreg er også ei språkleg reise 
    13. mars 2026

    Nettsida Visit Norway er ei storsatsing som gjer det enklare å reise i Noreg. Den viser fram tusenvis av lokale reiseverksemder, attåt fine bilete og gode idear til opplevingar og feriereiser. God bruk av skattepengane, men snautt ein tekst på nynorsk. Anten er det bokmål eller omsett til åtte andre språk.  Alle veit at nynorskområda

  • «Hadde berre kvassaste jula vore over!» 
    10. mars 2026

    14. januar i år er det 75 år sidan Tor Jonsson gjekk bort.

  • Arne Garborg 175 år
    10. mars 2026

    «Wergeland, Bjørnson og Garborg» må vera rette båsen for Garborg.

  • Bruk Norsk Barneblad og Inn i undervisninga!
    10. mars 2026

    – Dette bør mange lokallag prøve, ikkje minst i bokmålsområde!

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

👉 Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
👉 Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
👉 Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
👉 Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
👉 Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
👉 Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

🔎 Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.