VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Featured

Velkomen til bokkveld

Voss bibliotek, tysdag 24. november kl 19.00

Forfattaren Marit Eikemo les frå sin siste roman ”Alt inkludert” og fortel om forfattarskapen sin i samtale med biblioteksjef Inger Dyrnesli.

Voss bokhandel presenterer den nynorske bokhausten.

Lotteri - enkel servering.

Tilskipar: Voss mållag i samarbeid med Voss bibliotek og Voss lyrikklag.

Featured

Velkomen til ope styremøte i Voss mållag

Torsdag 5. november kl 19.00 på personalrommet på Voss gymnas.

Me i styret vil gjerne halda fram arbeidet med å påverka dei lokale matvarebutikkane til å bruka meir nynorsk i butikkane og i marknadsføringa. Dette er ei sak som mange er opptekne av og difor held me eit ope styremøte der dette er hovudsaka.

Les meir ...
Featured

Voss + nynorsk = sant?

maalpolitiskcollage

Målpolitisk debatt, Voss kulturhus,
torsdag 3. september kl 19.00 – 21.00

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, stiller som innleiar og kommentator i debatten.

  • Er språk og nynorsk viktig for våre lokale folkevalde?
  • Treng kommunen ein målbruksplan, og kvifor?
  • Skal vaksne innvandrarar på Voss berre læra bokmål?
  • Korleis sikra at Voss også i framtida vert ein av dei største nynorskkommunane i landet.
  • Lokal identitet, skule, næringsliv, marknadsføring m.m.

Desse lokale kandidatane stiller i debatten:
Høgre: Iril Schau Johansen
AP: Hans Erik Ringkjøb
SV: Arnfinn Gjerdåker
SP: Sigbjørn Hauge
Krf: Arne Mosefinn
MDG: Jan Jøssang
Raudt: Bjarte Kaldestad
Venstre: Bjarne Rene
Frp: Stig Frode Soltveit Støle

Ope for alle. Velkomen!

Arrangør er Voss mållag.

Featured

Referat frå målpolitisk debatt

Målpolitisk debatt i Voss bibliotek

Voss mållag inviterte til målpolitisk debatt i Voss bibliotek 3.september. Stikkord for kvelden var VOSS+NYNORSK=SANT?

"Voss er eit kjerneområde for nynorsken. Her marknadsfører profilerte verksemder seg på nynorsk, og her er det berre nynorskklassar i grunnskulen". Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, starta innlegget sitt med å slå fast at nynorsken står sterkt.

Les meir ...
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
  • 20
  • 21
  • 22
Side 18 av 22

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Ta nynorsken tilbake, Wattn!
    30. juli 2026

    Straumselskapet Wattn, som tidlegare har vore ei god nynorskverksemd, har no fjerna nynorsk som alternativ frå appen, og all nynorsktekst på nettsida er borte. Mange har teke kontakt med oss og reagerer sterkt på dette.

  • Sumarstengt på skrivarstova
    3. juli 2026

    Skrivarstova tek ferie frå måndag 6. juli til fredag 31. juli.

  • Språkpolitisk verkstad
    1. juli 2026

    Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad på Arendalsveka.

  • – Verktøya skal vera gode tenarar for oss
    1. juli 2026

    I vår tok Åse Wetås heisen opp frå det gamle kontoret sitt hjå Språkrådet. No tek ho til som ny nasjonalbibliotekar.

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

? Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
? Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
? Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
? Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
? Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
? Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

? Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.