VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Featured

Minneord om Alf Jansen

Alf Jansen

Alf Jansen miste livet i ei ulukke 1. april. Med det har Voss mållag mist ein god og tydeleg leiar, som vil verta sakna av medlemmane i laget.

Alf kom inn i styret i Voss mållag i 2013. Det fyrste året delte han leiarvervet med Knut Farestveit, men frå årsmøtet 2014 var Alf leiar åleine. For Alf var nynorsk eit spørsmål om rettferd, identitet og kultur. Han brukte bokmål gjennom heile utdanninga si, men vart nynorskbrukar frå 25-årsalderen.

Les meir ...
Featured

Målprisen 2016 til Sylvsmidja AS

Sylvsmidja fekk utdelt Målprisen 2016 i samband med Voss mållag sitt årsmøte.

Alf Jansen deler ut Målprisen 2016 til Sylvsmidja AS

Grunngjeving er mellom anna at Sylvsmidja no brukar nynorsk konsekvent, etter ein kortare periode med bokmål, i brevbyte og all marknadsføring. Sylvsmidja er ei vellukka verksemd som profilerer seg nasjonalt i riksmedia, vekeblad og i digital reklame. Dermed knyter dei nynorsk til kvalitet, tradisjon og moderne design frå Voss.

Featured

«Den nynorske songskatten»

Voss mållag ber inn til foredrag og allsong med Terje Aarset, forfattar av «Den nynorske songskatten» i Olavsalen på Voss folkehøgskule, tysdag 1. mars kl. 19.00

 

I samband med tilskipinga vert det òg utdeling av Målprisen og Målblomen.

Ope for alle. Billett kr  100,-

Tilskiparar: Voss mållag, Voss Høgskulelag

Årsmøte i Voss mållag

Voss mållag held årsmøte tysdag 1. mars, kl 20.30 i Olavssalen på Voss folkehøgskule.

Vanlege årsmøtesaker. Saker som medlemmer vil ha handsama på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 17. februar.

Voss mållag, Alf Jansen, leiar

Featured

«Det gjeng an å skriva i kvardagen òg –»

Olav H Hauge

Velkomen til foredrag om Olav H. Hauge og den nynorske dagboktradisjonen.

Foredrag ved Øystein Hide, faglitterær forfattar og omsetjar.
Tysdag 10. november kl 19
Biblioteket i Voss kulturhus

Inngang kr 150/100 (medlem)
Arr. Venelaget Olav H. Hauge i samarbeid med Voss bibliotek og Voss mållag.
Stønad frå Folkeakademiet.

  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
  • 20
  • 21
Side 17 av 22

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Ta nynorsken tilbake, Wattn!
    30. juli 2026

    Straumselskapet Wattn, som tidlegare har vore ei god nynorskverksemd, har no fjerna nynorsk som alternativ frå appen, og all nynorsktekst på nettsida er borte. Mange har teke kontakt med oss og reagerer sterkt på dette.

  • Sumarstengt på skrivarstova
    3. juli 2026

    Skrivarstova tek ferie frå måndag 6. juli til fredag 31. juli.

  • Språkpolitisk verkstad
    1. juli 2026

    Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad på Arendalsveka.

  • – Verktøya skal vera gode tenarar for oss
    1. juli 2026

    I vår tok Åse Wetås heisen opp frå det gamle kontoret sitt hjå Språkrådet. No tek ho til som ny nasjonalbibliotekar.

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

? Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
? Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
? Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
? Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
? Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
? Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

? Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.