VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Featured

Voss mållag sin målpris for 2019

Utdeling av Målprisen til Voss Sparebank

Les Eirik Helleve si innleiing til utdeling av Voss mållag sin målpris som 19. november 2019 vart delt ut til Voss Sparebank. Me gratulerer nynorskbanken!

"Voss mållag deler med ujamne mellomrom ut Målprisen. Den går til personar eller verksemder som har gjort ein stor innsats for det nynorske språket, eller som bruker nynorsk på ein god og sikker måte. 

Det er ikkje vanskeleg å finna gode kandidatar til ein slik pris. Det er gledeleg at mange unge folk og nyare verksemder er sikre nynorskbrukarar. Voss mållag er ikkje åleine om å dela ut målprisar, og andre har gjeve prisar til Linda Eide, Kari Traa, Myrkdalen og Skigutane. Målprisen går denne gongen til nokon med langt lengre fartstid enn desse.

Les meir ...
Featured

Bokkveld, målpris og krus

Jon Fosse bokkveld 2019

Poesikonsert med Hildegun Riise og Benedicte Maurseth

Tysdag 19/11 klokka 18 i Voss kulturhus, biblioteket.

Voss lyrikklag inviterer til poesikonsert saman med Voss mållag og biblioteket. Skodespelar Hildegun Riise les dikt av Jon Fosse, til nykomponert musikk av felespelar Benedicte Maurseth.

Les meir ...
Featured

Oppdrag Mottro

Av og med Linda Eide

GAMLEKINOEN

Tysdag 17. september kl. 19.00
Onsdag 18. september kl. 19.00

Endeleg kan vossingane få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm og vittig soloframsyning i Gamlekinoen. I Oppdrag Mottro utforskar Linda livet til si eiga mor, men òg livet på Voss og på Bjørgum, og ikkje minst det mytiske omgrepet gamle dagar. Dette er ei personleg jakt i ei felles fortid, ei tankevekkande framsyning med mat til både hjarte og hovud. Latteren sit laust, men bak den lurer også ei tåre.

Oppdrag Mottro Linda Eide

Les meir ...
Featured

Språkopplæringa i Voss kommune må vera på nynorsk

vaksenopplaring nynorsk

NAV held språkkurs for mange av brukarane sine. Den siste tida har NAV Voss leigd inn privatskulen Metis for å halda kurs, og me undrar oss over kvifor denne privatskulen har fått lov til å halda kursa sine på bokmål. Det er mange grunnar til at dette er uheldig. 

Les meir ...
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
Side 12 av 22

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Ta nynorsken tilbake, Wattn!
    30. juli 2026

    Straumselskapet Wattn, som tidlegare har vore ei god nynorskverksemd, har no fjerna nynorsk som alternativ frå appen, og all nynorsktekst på nettsida er borte. Mange har teke kontakt med oss og reagerer sterkt på dette.

  • Sumarstengt på skrivarstova
    3. juli 2026

    Skrivarstova tek ferie frå måndag 6. juli til fredag 31. juli.

  • Språkpolitisk verkstad
    1. juli 2026

    Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad på Arendalsveka.

  • – Verktøya skal vera gode tenarar for oss
    1. juli 2026

    I vår tok Åse Wetås heisen opp frå det gamle kontoret sitt hjå Språkrådet. No tek ho til som ny nasjonalbibliotekar.

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

? Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
? Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
? Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
? Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
? Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
? Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

? Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.