VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Målprisen 2021 vart utdelt på årsmøtet
Featured

Målprisen 2021 vart utdelt på årsmøtet

På årsmøtet til Voss mållag 17. mars vart det delt ut to målprisar. Dei gjekk til Irene Stana og Signe Seim, to kvinner som har utmerka seg i høvesvis næringslivet og kulturlivet. 

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb var invitert til årsmøtet for å fortelja om prisen Årets Nynorskkommune, som Voss herad fekk i fjor haust. På årsmøtet vedtok mållaget nye vedtekter, og det var på tide: Dei gamle vedtektene hadde stått uendra sidan 1923. 

Alle i styret tok attval. Eirik Helleve er leiar for laget. 

Les meir ...
Featured

Årsmøte og nye lover

Styret i Voss mållag ynskjer å fornya lovene i laget. I tråd med gjeldande lover kunngjer me dette innan ein månad før årsmøtet, som vert 17. mars kl. 19.00 på Voss folkemuseum. Grunngjeving og forslag til nye lover kan du lesa denne sida.

Featured

Hordaland mållag – ein 50-åring fødd i strid

Aslak L. Helleve, leiar i Voss mållag 1982–83, heldt det fylgjande foredraget på jubileumsfesten til Hordaland mållag, 22. august 2020. 

Hordaland mållag – ein 50-åring fødd i strid

Nokre minne – og påminningar, frå ein som var med

Hordaland Mållag vart skipa i 1970, og markerte såleis 50 års-jubileet i 2020. Knut O. Dale oppmoda meg om å fortelja noko om bakgrunnen for skipinga av laget. Det som her fylgjer er ein lang versjon av det kåseriet eg heldt på jubileumsfesten etter årsmøtet laurdag 22/8 2020.

Les meir ...
Featured

Takk!

Takk til Olaug Tvilde!

I samband med Olaug Tvilde si gravferd 9. oktober 2020 vart det gjeve gåver til Voss mållag på til saman 7550 kroner. Me er svært takksame for gåva og lyser fred over minnet til Olaug.

  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
Side 9 av 22

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Ta nynorsken tilbake, Wattn!
    30. juli 2026

    Straumselskapet Wattn, som tidlegare har vore ei god nynorskverksemd, har no fjerna nynorsk som alternativ frå appen, og all nynorsktekst på nettsida er borte. Mange har teke kontakt med oss og reagerer sterkt på dette.

  • Sumarstengt på skrivarstova
    3. juli 2026

    Skrivarstova tek ferie frå måndag 6. juli til fredag 31. juli.

  • Språkpolitisk verkstad
    1. juli 2026

    Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad på Arendalsveka.

  • – Verktøya skal vera gode tenarar for oss
    1. juli 2026

    I vår tok Åse Wetås heisen opp frå det gamle kontoret sitt hjå Språkrådet. No tek ho til som ny nasjonalbibliotekar.

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

? Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
? Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
? Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
? Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
? Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
? Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

? Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.