VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Featured

MÅLBLOMEN 2021

Målbomen 2021 avisa Hordaland

VINNARAR: Heine Gjerland (til venstre) og Åsmund Skjeldal, med jurymedlem Sidsel Vinsand. Foto: Synnøve Solstad Hefte, avisa Hordaland.

«Målblomen» er Voss mållag si årlege skrivetevling for elevar i 10. klasse. Juryen var Eirik Helleve, Inge Draugsvoll og Sidsel Vinsand, alle frå styret i Voss mållag. Juryen mottok elev-tekstar frå Voss ungdomsskule og Vossestrand barne- og ungdomsskule. Granvin ungdomsskule valde å ikkje delta i år. 

Les meir ...
Målprisen 2021 vart utdelt på årsmøtet
Featured

Målprisen 2021 vart utdelt på årsmøtet

På årsmøtet til Voss mållag 17. mars vart det delt ut to målprisar. Dei gjekk til Irene Stana og Signe Seim, to kvinner som har utmerka seg i høvesvis næringslivet og kulturlivet. 

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb var invitert til årsmøtet for å fortelja om prisen Årets Nynorskkommune, som Voss herad fekk i fjor haust. På årsmøtet vedtok mållaget nye vedtekter, og det var på tide: Dei gamle vedtektene hadde stått uendra sidan 1923. 

Alle i styret tok attval. Eirik Helleve er leiar for laget. 

Les meir ...
Featured

Årsmøte og nye lover

Styret i Voss mållag ynskjer å fornya lovene i laget. I tråd med gjeldande lover kunngjer me dette innan ein månad før årsmøtet, som vert 17. mars kl. 19.00 på Voss folkemuseum. Grunngjeving og forslag til nye lover kan du lesa denne sida.

Featured

Hordaland mållag – ein 50-åring fødd i strid

Aslak L. Helleve, leiar i Voss mållag 1982–83, heldt det fylgjande foredraget på jubileumsfesten til Hordaland mållag, 22. august 2020. 

Hordaland mållag – ein 50-åring fødd i strid

Nokre minne – og påminningar, frå ein som var med

Hordaland Mållag vart skipa i 1970, og markerte såleis 50 års-jubileet i 2020. Knut O. Dale oppmoda meg om å fortelja noko om bakgrunnen for skipinga av laget. Det som her fylgjer er ein lang versjon av det kåseriet eg heldt på jubileumsfesten etter årsmøtet laurdag 22/8 2020.

Les meir ...
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
Side 8 av 21

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Å reise i Noreg er også ei språkleg reise 
    13. mars 2026

    Nettsida Visit Norway er ei storsatsing som gjer det enklare å reise i Noreg. Den viser fram tusenvis av lokale reiseverksemder, attåt fine bilete og gode idear til opplevingar og feriereiser. God bruk av skattepengane, men snautt ein tekst på nynorsk. Anten er det bokmål eller omsett til åtte andre språk.  Alle veit at nynorskområda

  • «Hadde berre kvassaste jula vore over!» 
    10. mars 2026

    14. januar i år er det 75 år sidan Tor Jonsson gjekk bort.

  • Arne Garborg 175 år
    10. mars 2026

    «Wergeland, Bjørnson og Garborg» må vera rette båsen for Garborg.

  • Bruk Norsk Barneblad og Inn i undervisninga!
    10. mars 2026

    – Dette bør mange lokallag prøve, ikkje minst i bokmålsområde!

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

👉 Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
👉 Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
👉 Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
👉 Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
👉 Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
👉 Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

🔎 Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.