Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Målbruksplan for kommunen

voss kommune tekst

Voss mållag har oversendt framlegg til målbruksplan for Voss kommune, til ordførar Hans Erik Ringkjøb. Vi ser det som sjølvsagt at Voss kommune, som for nokre år sidan aktivt vedtok ikkje å søkja bystatus, held fram nynorsken som ein vesentleg del av "merkevara Voss".

Bakgrunnen for dette initiativet er at Voss, som ein av dei største nynorskkommunane i landet, ikkje har nokon vedteken plan for målbruken i den kommunale verksemda. Voss er, saman med over 100 andre kommunar, med i Landslaget for nynorskkommunar, og fleire av desse, til dømes Stord, Kvam, Ullensvang og Vinje, har slike målbruksplanar. Framlegget frå Voss mållag bygger på desse planane.

Vi har registrert at den språklege praksisen i Voss kommune er svært varierande. Skriv og kunngjeringar til innbyggarane kan like snart koma på bokmål som på nynorsk. Det same gjeld saksutgreiingar. Vidare trengst det aktiv haldning frå kommunen si side i høve til språkbruken frå andre offentlege instansar: Departement og direktorat, tilsyn og vesen. Det manglar mykje på at det offentlege på alle nivå oppfyller krava i Mållova.

Arbeidet med rett, godt og klart språk er ikkje noko som kan vedtakast og dermed vera løyst. Det krev medvit, opplæring, øving og konstruktiv kritikk - internt og eksternt. I eit pdfoppslag i Hordaland tysdag 21. oktober peikar ordføraren i Vaksdal på problem innanfor dataspråket, men også generelt den diffuse og framandgjerande språkbruken som vi alle vert utsette for frå konsulentar, næringsliv og offentlege styresmakter. Voss mållag har derfor vore så fri å senda framlegget til målbruksplan til ordførar Eirik Haga i Vaksdal også, i von om at han kan gjera bruk av den, dersom han faktisk vil følgja opp utspelet sitt i Hordaland med konkret politisk handling.

Voss mållag har bede om eit møte med ordførar Hans Erik Ringkjøb for å presentera målbruksplanen for han, peika på kva vi ser som utfordringar i samband med målbruken i kommunen og drøfta kva tiltak som kan nyttast for å auka språkleg medvit og kompetanse i alle ledd i den kommunale verksemda. Dette vil også ha ringverknader for andre aktørar i vossabygda.

Les Voss mållag sitt framlegg til målbruksplan for Voss kommune.

 

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Demografiskeendringarråkarnynorsken Demografiskeendringarråkarnynorsken Prosentdelen av nynorskelevar har gått frå 11,6% til 11,8%. Det er mange som konstaterer at det raknar for nynorsken. Dei tar feil.The post Demografiskeendringarråkarnynorsken appeared first on Noregs Mållag.

  • Googlesinynorskemordliste Googlesinynorskemordliste – Vi lever i ei ny dansketid – der makta over det norske språket igjen ligg i utlandet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.The post Googlesinynorskemordliste appeared first on Noregs Mållag.

  • VelnynorskforbarnetdittiBergen VelnynorskforbarnetdittiBergen Bystyret i Bergen har sett av 2 millionar kroner for å opprette ei fast nynorskklasse i Bergen.The post VelnynorskforbarnetdittiBergen appeared first on Noregs Mållag.

  • Berre130medlemeratttil14000! Berre130medlemeratttil14000! – I dag har vi passert 13 870, smiler Peder Lofnes Hauge. The post Berre130medlemeratttil14000! appeared first on Noregs Mållag.

  • Nynorsk+SognogFjordane=sant! Nynorsk+SognogFjordane=sant! No står den siste bokmålsskulen i Sogn og Fjordane for fall. The post Nynorsk+SognogFjordane=sant! appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Fredag den 4de februar 1898 vart det halde eit møte i Voss ungdomshall um aa skipa eit maallag for Voss.

Fyrste setning i møteboka for Voss mållag

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga