Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Målprisen 2021 vart utdelt på årsmøtet

På årsmøtet til Voss mållag 17. mars vart det delt ut to målprisar. Dei gjekk til Irene Stana og Signe Seim, to kvinner som har utmerka seg i høvesvis næringslivet og kulturlivet. 

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb var invitert til årsmøtet for å fortelja om prisen Årets Nynorskkommune, som Voss herad fekk i fjor haust. På årsmøtet vedtok mållaget nye vedtekter, og det var på tide: Dei gamle vedtektene hadde stått uendra sidan 1923. 

Alle i styret tok attval. Eirik Helleve er leiar for laget. 

MÅLPRIS

Voss mållag deler med ujamne mellomrom ut Målprisen. Den går til personar eller verksemder som har gjort ein stor innsats for det nynorske språket, eller som bruker nynorsk på ein god og sikker måte. I år har styret for mållaget valt å dela ut to prisar.

Irene Stana maalpris2021

Irene Stana fekk utdelt Målprisen av nestleiar i Voss mållag, Linda Hjeltnes

Grunngjeving Irene Stana

Prisen går til ei kvinne som i 2008 grunnla ei verksemd som er oppteken av å fylgja med i tida. Prisvinnaren seier at ved å kombinera eit godt miljøvenleg produkt, eit medvite språk og humor, så gjev du kunden ei god og meiningsfull oppleving.

Vinnaren fortel at ho i vaksen alder er blitt merksam på kva som har påverka og inspirert henne og gjort at hennar forhold til nynorsk har vorte så viktig for henne og hennar identitet. Som lita jente var ho mykje saman med farfaren sin, Torkel Stana. Han køyrde lastebil, var nynorsk diktar og levande oppteken av språket heile livet. Han miste den fyrste kona si då ho, 21 år gamal, tragisk døydde av kreft frå to små gutar på 1,5 og 3 år. Farfaren var sidan svært oppteken av barnebarnet, prisvinnaren, som han opplevde likna så veldig på bestemora, og ho igjen opplevde som barn at han var så stolt og glad i ho.

Prisvinnaren gjekk ut i frisørlære då ho var 16 år gammal. Alt 22 år gammal vart ho medeigar i ein frisørsalong med to andre. Etter å ha fått tre born, arbeidde ho deltid og tok meisterbrev der ho lærte å drive butikk og marknadsføring. Samstundes lærte ho å tru på å gå eigne vegar, stola på eiga indre teft og tora å skilja seg ut frå andre.

Erfaringar som medviten mor, uro over miljøgifter og framtida i verda som me alle har ansvar for, gjorde at ho ville satsa på å tilby kundar miljøvenlege tenester og produkt.

Ho grunnla difor den grøne frisørsalongen Floke på Voss. Sidan oppstarten har det balla på seg og i dag har ho ni salongar i Noreg. Dei ligg i Ulvik, Odda, Strandebarm, Bergen, Førde, Florø, Molde, Oslo og på Voss.

I tillegg har ho utvikla miljøvenlege frisørprodukt som blir selde i heile landet, alt på nynorsk! Hårprodukta har innhaldsrike og poetiske skildringar, krydra med humor. Profilen til Floke har frå fyrste dag vore på nynorsk, og prisvinnaren seier at ho aldri –aldri – kjem til å endre dette.

Voss mållag sin målpris for 2021 går til Irene Stana.


Signe Seim maalpris2021

Grunngjeving Signe Seim

Den eine av dei to prisvinnarane er ein rutinert nynorskbrukar. Ho vaks opp på Voss, og etter å ha gått landsgymnaset var ho lærar i Nord-Østerdalen eitt år. Ho utdanna seg deretter til lærar, underviste eitt år på Helgeland og eitt år i Oslo, før ho var lærar i Ål i Hallingdal i 16 år. Ho flytta tilbake til Voss i 1970, og her arbeidde ho som lærar til ho fekk statens kunstnarstipend i 1980.

Og det er nok innanfor kunst- og kulturfeltet ho har sett sterkast spor. Alt som 16-åring hadde ho det fyrste diktet sitt på trykk – anonymt. Seinare har ho gitt ut åtte diktsamlingar – den fyrste kom i 1960 – tre barnebøker, og mange høvesdikt og prologar. Ho har aldri vore i tvil om kva for eit skriftspråk som er hennar. Ho har gjort sitt for å formidla kunnskap om tidlege nynorskforfattar, og har laga emnehefte om Ivar Aasen og Per Sivle til bruk i grunnskulen.

Den fyrste diktsamlinga hennar heiter «Trø varleg, min fot»; den andre heiter «I stillaste timen». Ord som varleg, stillfarande og lågmælt vert ofte brukte om diktinga hennar, men sjølv likar ho det dårleg. For 12 år sidan sa ho til Hordaland at ho var så lei av det – «Eg tykte alle måtte sjå at eg ropte i dikta mine òg!».

I fjor merka me i mållaget dette godt. Stykket «Kvinnene i loftet», som fortel kvinnehistorier frå Finnesloftet, skulle setjast opp i Vangskyrkja. Fortidsminneforeningen var arrangør, og dei hadde utarbeidd både lysingar og billettar på bokmål. Prisvinnaren kontakta oss i Voss mållag, og sa, på ein varleg og lågmælt måte, at dette gjekk rett og slett ikkje an. Ho hadde ikkje greidd å overtala dei sjølve, men bad oss om hjelp. I fellesskap greidde me å få det til slik at lysingane kom på nynorsk, og det var ho umåteleg glad for. Mest av di nynorsk er eit språk som står henne nær, men kanskje òg av di det handla om hendingar på Finne, garden der ho var fødd i 1929.

Målprisen for 2021 går til Signe Seim.

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Nynorsk må inn att i kommuneproposisjonen Nynorsk må inn att i kommuneproposisjonen Mållaget ynskjer få å attende kapittelet «Bruken av nynorsk i kommunane». The post Nynorsk må inn att i kommuneproposisjonen appeared first on Noregs Mållag.

  • Nynorskdagen Nynorskdagen Saman fyller vi Noreg med nynorsk! The post Nynorskdagen appeared first on Noregs Mållag.

  • Krev at lærarar blir høyrde Krev at lærarar blir høyrde Norsk skule blir meir og meir digitalisert. – Kvar er kvalitetssikringa, spør lærar og tillitsvald i Utdanningsforbundet. The post Krev at lærarar blir høyrde appeared first on Noregs Mållag.

  • «Lite nytt» i framlegg til opplæringslov «Lite nytt» i framlegg til opplæringslov Benedicte Frostad, seniorrådgjevar i Språkrådet, er skuffa over framlegget til ny opplæringslov. The post «Lite nytt» i framlegg til opplæringslov appeared first on Noregs Mållag.

  • – Det hjelper ikkje om eg ringer til Google – Det hjelper ikkje om eg ringer til Google Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) skulle gjerne ha påverka store selskap som Google meir. Men ho veit ikkje korleis. The post – Det hjelper ikkje om eg ringer til Google appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Voss heradsstyre vedtok i siste møte aa stilla krav til styremaktene um aa faa alle tilskriv, fyresegner, skjema og uppslag fraa det offentlege paa norsk maal. Eit motframlegg fekk berre 4 røyster.

Hordaland, 3.8.1921

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga