Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Nynorsk i daglegvarehandelen på Voss

daglegvarehandel

Er det ein ting det er nok av på Voss så er det matvarebutikkar, vert det sagt. Men Voss er handelssentrum for dei omkringliggjande kommunane, og såleis er det naturleg at alle dei store kjedene er representert her. Det er kamp om kundane! Voss mållag har hatt samtalar med butikksjefane for å høyra om språk og lokal identitet er verkemiddel i denne kampen.

Voss er ein av dei største nynorskkommunane i landet. Her er folk flest vane med nynorsk, og språket er ein viktig del av identiteten. Slik er det òg i nabokommunane. Voss mållag kartla i 2014 haldningar til bruk av nynorsk som verkemiddel i reklame og marknadsføring i den lokale matvarebransjen. Leiarane fekk vurdera ulike sider ved det å driva butikk på Voss. Frå svara me fekk på pdfspørjeskjemaet, kunne me dra nokre slutningar:

Framstå som lokal og anleis

Viktige grunnar til kunden sitt val av butikk er vareutval, pris og dei tilsette i butikken, meiner butikksjefane. Dette er svar me kunne rekna med. Men ein annan konklusjon er at det er positivt å framstå som ein butikk med lokal tilknyting og å vera anleis enn konkurrentane. Dei me spurde meiner òg at kundane let seg påverka av tiltak butikkane gjer på eiga hand. Er det då slik at dei kan gjera eigne ting?

Kven bestemmer?

Annonser, plakatar, skilting og annan reklame er nesten utan unntak utforma og produsert av butikkjedene sentralt. Det betyr tekstar på bokmål. Rett nok står nokre butikkar fritt til å levera inn sine eigne tekstar og få reklamen produsert på nynorsk. Men då vert det ekstra arbeid og kostnadar som det kan vera vanskeleg å forsvara i ein travel kvardag. Når det er sagt; nokre butikkar er medvitne og brukar nynorsk i lokalavisa og der dei elles kan. Dette er då i stor grad avhengig av om den ansvarlege i butikken sjølv er nynorskbrukar og ser verdien av å bruka den målforma som dei fleste kundane brukar.

Dei butikkane som vil bruka nynorsk seier det er enklast å gjera det på eigne handskrivne plakatar og i annonser i lokalavisa "Hordaland". Det siste er fordi avisa er ei solid nynorskavis med grafikarar som beherskar målforma. Ein annan grunn er at annonsemateriellet, meir no enn før, kan endrast. Dette har kome som eit ønskje frå fleire butikkar i nynorskkommunar.

Kva no?

Sjølv om butikksjefar meiner det er viktig å vera lokal og nå fram med marknadsføringa, så er det sjeldan å sjå nynorsk tekst i butikkane. Reklamemateriell er laga av folk som brukar bokmål. Dei har ein ståstad som gjer at dei ikkje forstår at nynorsk kan vera ein viktig del av folk sin identitet. Men at god nynorsk reklame snakkar meir direkte til kundar flest i vårt område, er det ikkje tvil om. Det skulle vera grunn god nok, også for dei som berre tenkjer kroner og øre...

Er du nynorskbrukar, gjerne som medlem i Voss mållag, så er det kanskje ein idé å støtta opp om dei næringsdrivande som fremjar den lokale identiteten med nynorsk tekst? Litt nynorsk er betre enn ingenting, sei det gjerne til dei du møter i butikken at nynorsk på plakatar og skilt er eit bra tiltak! Voss mållag vil følgja opp denne saka framover, og løfta fram næringsdrivande som brukar nynorsk - i alle bransjar.

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Ny norsk nynorskpolitikk Ny norsk nynorskpolitikk – Den nye språklova opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. The post Ny norsk nynorskpolitikk appeared first on Noregs Mållag.

  • – Regjeringa ser dei unge nynorskbrukarane – Regjeringa ser dei unge nynorskbrukarane – Med denne stortingsmeldinga viser regjeringa at dei ser utfordringane for dei unge nynorskbrukarane, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom. The post – Regjeringa ser dei unge nynorskbrukarane appeared first on Noregs Mållag.

  • Kraft til nynorsk Kraft til nynorsk Mållaget forventar at det nye salsselskapet for kraft til privatmarknaden tek med seg nynorsken inn i framtida. The post Kraft til nynorsk appeared first on Noregs Mållag.

  • Nynorskstipend til yoga Nynorskstipend til yoga Ingvild Skodvin Prestegård får stipend på 50 000 kroner for å utvikle materiell om yoga på nynorsk. The post Nynorskstipend til yoga appeared first on Noregs Mållag.

  • Be om skattemeldinga på nynorsk! Be om skattemeldinga på nynorsk! Frå 16. mars kjem skattemeldinga, og vi oppmodar alle medlemmer om å sjekka at dei har valt å få henne på nynorsk. The post Be om skattemeldinga på nynorsk! appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Målsaki her er komi so pass langt fram at det vilde vera det rettaste å leggja laget ned.

Lars Gjerde, formann i Voss mållag, på årsmøtet 1908

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga