Lagssoge
Då Noregs Mållag vart skipa 5. februar 1906, fanst det alt 67 lokale mållag og 9 fylkesmållag. Eitt av dei var Voss Mållag, som var skipa omtrent på dagen åtte år tidlegare – 4. februar 1898. Då fanst det alt eit anna mållag på Voss - Gullfjordungen Mållag var skipa seks dagar tidlegare. Skipingsmøtet til Voss mållag vart halde i Voss Ungdomshall, og folkehøgskulestyrar Lars Eskeland vart den fyrste formannen i laget. I referatet frå skipingsmøtet står det mellom anna at "Skrivne lover ville ingen ha. Den uskrivne grunnlov maatte vera, at lage til kvar tid gjorde det som det best kunde til framhjelp for norskt maal".