Språk og makt
«Det finnes ikke et eneste annet land i hele verden som pålegger alle landets skoleelever å lære to skriftvarianter av det samme språk», skriv Arve Waage i BT 15. september. Men det han skriv om språk og makt, no sist i BT 15. september, er både historielaust og begrepsfattig.
Det finst ikkje eit einaste anna land i heile verda der eit skriftspråk, her dansk, stegvis er endra til eit anna språk ved ein lang og stridig prosess. Det finst ikkje maken. Og desse hendingane er prega av makt av ulikt slag.
Først statsmakt, ved ei konfirmasjonsordning – frå 1737 og godt over 150 år – der all norsk ungdom vart drilla på dans i skrift og tale. Som for eksempel Pontoppidans katekisme med 759 spørsmål og svar, som skulle resiterast på kyrkjegolvet. Dei som ikkje kunne svare, fekk ikkje gifte seg. Så dette var alvor. Kort sagt, makt og tvang i statsregi.
Så var det marknadsmakt. Norske forfattarar på 1800-talet skreiv på dansk og utgav bøkene i Danmark. Bjørnson, Ibsen, Kielland, Lie, Skram og nesten alle andre. «En bok trykt i forfatterens hjemland var i hine tider (1880-1900) et misfoster, dømt til å bli usolgt og ulest.» (Nils Collett Vogt) Slik er marknadskreftene. Kort sagt, marknadsmakt, økonomiens stille tvang.
Men når vart dansk norsk? Tja. Først i mellomkrigstida, i 1929, vart ei bok skriven på eit internasjonalt språk, omsett og publisert både på dansk og «bokmål» - eit uttrykk for at det danske skriftspråket no var så fornorska at det framstod som eit nytt skriftspråk. 115 år etter 1814. Det tok tid.
Etter andre verdskrig kom reaksjonen frå dei som meinte at fornorskingsprosessen hadde gått for langt. Dei ville ha bokmål med dansknære former. Mediemakt og sosial kapital prega Foreldreaksjonen på 1950-talet, men merkeleg nok vart desse hendingane aldri gjort til gjenstand for samfunnsvitskapleg forsking. Påviseleg desinformasjon fekk passere, utan forskingsbasert korreksjon. Jf Øverlands famøse brevsak. Kort sagt, sosial makt og mediemakt, utan nemneverdig motmakt.
Utan historia skjønar vi ikkje kven vi er og kor vi er. Det gjeld også den aktuelle tospråkssituasjonen. Og når det er tale om makt, er det nyttig å få med seg at det finst ulike former for makt.
Av dei to skriftspråka vi har her i landet, er bokmålet det merkverdige.
Professor em. Gunnar Skirbekk
Senter for vitskapsteori (SVT)
Universitetet i Bergen