Må læra bokmål på Voss
Saksa frå "Hordaland" 29. januar 2015:
Trass i at Voss er ein nynorskkommune, får innvandrarar opplæring på bokmål. – Folk skriv og snakkar nynorsk, seier Zahraa Khalaf. Ho tykkjer det er vert ekstra vanskeleg når ho ikkje lærer det.
All informasjon til innbyggjarane er på nynorsk. Men innvandrarar frå Vaksdal og Voss som skal læra norsk her får likevel opplæring på bokmål. Det same er tilfellet i Ullensvang. – Det er for lite og for dårleg materiell på nynorsk, er forklaringa til Brit Jorund Liland, avdelingsleiar for norsk på Vaksenopplæring og logopedi i Voss kommune.
– Det er eit argument me ofte møter frå nynorskkommunar som har vaksenopplæringa på bokmål, svarar Arnfinn Vigrestad i Landsamanslutninga for nynorskkommunar. Det er framleis svært få kommunar i landet som tilbyr opplæring på nynorsk. – Men dei kommunane som har nynorsk i dag klarar seg fint med det dei har av materiell. Det er ikkje ein god nok grunn i seg sjølv til å ikkje bruka nynorsk, hevdar Arnfinn Vigrestad.
– Har vorte betre
Ein av kommunane som i dag nyttar nynorsk er Kvam. Rektor på skulen i Kvam, Kjell Arne Gjøn, fortel at dei har gode erfaringar trass i enkelte manglar. – Det har vorte mykje betre i seinare tid. Me har brukt nynorsk i ti år, og har etter kvart supplert med eigenprodusert materiell der me meiner tilbodet frå forlaga ikkje er godt nok, seier han. Gjøn meiner det særleg er to viktige argument for å ha tilbod på nynorsk. – For det første ligg dialekten i Kvam mykje nærare nynorsk. Det andre, og kanskje viktigaste, er at vaksne innvandrar gjerne har born i skulen som lærer nynorsk. Skal ungane ha hjelp med lekser heime, er det viktig at foreldra kan den same målforma.
Best med bokmål
Brit Jorund Liland seier Kvam og Voss ikkje kan direkte samanliknast. – Me har eit asylmottak, og det har ikkje Kvam. Mange av dei som sit på mottaket flyttar til bokmålskommunar seinare, og treng å læra det. Som del av eit pilotprosjekt hadde Voss opplæring på nynorsk i perioden 2003-06, men bestemte, med støtte frå kommuneleiinga og Noregs Mållag, å byta til bokmål igjen. – Det fanst så lite materiell på nynorsk. For å gje eit fullverdig og godt opplæringstilbod måtte me ha det på bokmål, seier Liland. Korkje Liland eller rektor Odrun V. Vevatne avviser at det kan verta aktuelt å byta attende til nynorsk seinare. – Det er ingen her som har noko imot nynorsk. Men me går ikkje i gang med det utan at det er sidestilling i bokmål og nynorsk på alle læremiddel, og ikkje berre nokre få utplukka, seier Vevatne.
Vanskeleg å forstå
Elevane på det høgste nivået i norskopplæringa for innvandrarar (B1) på Voss, fortel at det ofte kan vera vanskeleg å skjøna ting. – Folk snakkar og skriv nynorsk. Det er spesielt vanskeleg å forstå ungar som snakkar fort og litt utydeleg. Og ord vert uttalt annleis, dei seier for eksempel «goddajen», hermar Zahraa Khalaf. Ho meiner likevel at det er best dei lærer bokmål, sidan dei fleste i Noreg snakkar det. Men Khalaf og dei ni andre i klassen er alle samde om at det ikkje alltid er like lett i ein nynorskkommune. – Det er vanskeleg å skjøna dialekt, eller brev frå kommunen på nynorsk, seier Estifanos Yowhanis. Han fortel at han godt kan lesa aviser på bokmål, som for eksempel Aftenposten, men lokalavisa har han store vanskar med. – Me kan lesa litt i Hordaland, men det er mykje me ikkje forstår. I timen snakkar læraren deira, Kari Egdetveit, bokmål blanda med nokre dialektord. Ho var òg lærar under prøveprosjektet for ti år sidan, og vil ikkje attende til nynorsk no. – Det var altfor mykje ekstraarbeid for oss, og nettressursane på bokmål er betre. – Men kva om de hadde tilgang på akkurat det same materiellet på begge målformer? – Då ville me nok bytt, ja. Voss er jo ein nynorskkommune, seier Egdetveit.
KNUT ÅDNE RØEN | Journalist i avisa Hordaland Les avissida som pdf-fil180.79 KB