Årsmøte i Voss mållag
Tysdag 7. mars kl. 19.00 i Olavssalen på Voss Folkehøgskule.
- Vanlege årsmøtesaker
Haakon Aase frå Noregs Mållag orienterer om aktuelle saker.
Eirik Helleve fortel om Lars Eskeland som vart fødd for 150 år sidan og som var den fyrste formannen i Voss mållag.
Velkomen!
Helsing styret
Lars Eskeland var ein av dei verkeleg store i det lokale kulturlivet dei fyrste tiåra av 1900-talet. Ei av sakene han kjempa for var målsaka. Han melde seg inn i Målvinarlaget då han gjekk på Stord lærarskule. I 1898 var han med då Voss mållag vart skipa, og han vart den fyrste formannen i laget. Seinare vart han den fyrste formannen både i Vestlandske mållag og Norsk måldyrkingslag. (Biletet viser Lars og kona Marta på Voss Folkehøgskule tidleg i 1920-åra. Fotograf var sonen Sigurd. Eigar: Voss Folkemuseum)