Velkomen til ope styremøte i Voss mållag
Torsdag 5. november kl 19.00 på personalrommet på Voss gymnas.
Me i styret vil gjerne halda fram arbeidet med å påverka dei lokale matvarebutikkane til å bruka meir nynorsk i butikkane og i marknadsføringa. Dette er ei sak som mange er opptekne av og difor held me eit ope styremøte der dette er hovudsaka.